17. mai på Oseana

Oseana inviterer til feiring av 17. mai!
- Dersom vêrgudane er med oss, blir det god gammaldags 17. mai- stemning på uteterassen på Oseana, fortel arrangementssjef Berit Steen.
- Osøren Jazzensamble tek med seg vokalist Tone Linn Mjånes og spelar opp til dans frå kl. 17.00. Dette er eit gratisarrangement som kan passe for heile familien, og heile Os er inviterte! smiler Steen, som allereie no kryssar fingre for pent ver.
- Dersom kryssinga ikkje fører fram, har vi foajeen som alternativ for avviklinga. Dans og stemning skal det bli uansett, seier Steen.
Utan mat og drikke, dug som kjent ikkje heltane, men Færingen Restaurant vil vere behjelpelege med akkurat dette.
- Vi serverer både tradisjonell og kanskje mindre tradisjonell 17. mai- mat denne dagen, seier kjøkkensjef Angus Hugøy.
- Både rømmegraut og spekemat, reker og blåskjel blir å finne på menyen denne dagen, og også sjølvsagt pølser og is! Her skal alle få det dei ynskjer, lovar Angus.



