Absolutt opera

Nokre av operahistorien sine mest kjende perler i ei fantastisk framsyning!

Operafeberen herjar i Noreg, og Rikskonsertane har fulgt opp med ei operasatsing over fleire år. Våren 2012 skal suksessframsyninga Absolutt Opera ut på vegen for å glede eit nytt publikum. Denne gongen er det vestlandet og Austlandet som får gleda av eit besøk frå Rikskonsertane.

Det er kjende aktørar av ypperste klasse som vil stå på Oseanascena denne kvelden. Dirigenten Peter Szilvay, som jamnleg dirigerer symfoniorkester både i inn- og utland svingar denne gongen taktstokken framfor Forsvarets Musikkorps Vestlandet. Operakoret er elevar frå Kongshaug Vidaregåande Skule, og  solistane er Rita Heigre, Marianne E. Andersen, Kjetil Støa og Yngve Søberg.

Musikken tek oss med på ei reise gjennom historia og det europeiske kontinentet, der vi treff den fyrrige Carmen, den sterktfølande Mimi frå La bohème, ein duett mellom Figaro og Susanna frå Figaros Bryllup, den frittalande Rigoletto og Don Carlos i det han blir innhenta av skjebna. Utdraga frå dei kjende operane setjast i scene med kostymer og lyssetjing, og slik knytast heile framsyninga saman til ein gallakonsert i storformat, i regi av Hilde Andersen.

Det er med andre ord duka for ein operaaften av storslagen karakter med dei mest kjende perlene frå nokon av verdas mest kjende operaer, presentert med heftig orkestrering og korsong!

 

 

Treng du overnatting i Os? Kontakt Solstrand Hotell & Bad eller Bjørnefjorden Gjestetun

Informasjon

Dato:
2012-02-24 19:30
Klokka: 19:30
Pris:
Ordinær billett kr. 290,-
Kjøp billett:
Billettinfo:
Rabatt ved framvising av Oseana Medlemskort
Arrangør:
Rikskonsertene
Regi:
Hilde Andersen

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar