Foredrag Renate Rivedal – Døden i kunsten

Foredrag Renate Rivedal – Døden i kunsten

Døden har vore eit sentralt tema i kunsten og i vår visuelle kultur. I tidlegare tider var gjerne døden i kunsten knytt til religion, noko som gjorde den til noko nært og meiningsfullt. I dag opplev vi gjerne døden som noko fjernt og makabert, noko vi ynskjer å halde på avstand.

I “Døden i kunsten” skal vi sjå nærare på kunst som har døden som tema, og gjennom denne reisa får vi innblikk i korleis døden har blitt skildra gjennom historia. Alt i frå personifikasjon av døden sjølv, til egypterane si Dødebok, dommedagsprofetiar, til Picasso sin protest mot krigens død og redsle i verket Guernica eller Munch sin sterke Døden i sykeværelset.

Renate Rivedal er rådgiver i Kulturetaten i Bergen kommune. Ho har master i kunsthistorie og lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar.

Foredraget vil finne stad i Griegsamlingen.

Ord. 100,-

Gratis for medlemmer av Oseana kunstklubb.