Askepott

Velkommen til ei ny og spennande framsyning om Askepott - denne gong i operaversjon!

Velkomen til ei sprudlande og underhaldande operaframsyning for heile familien! I eit samarbeid med Den Nye Opera i Bergen og Os Kulturskule, presenterer Oseana for fyrste gong opera for dei yngste!

Dette er eit regionalt samarbeidsprosjekt mellom  Den Nye Opera i Bergen, Voss Kulturhus, Ung Symfoni og kulturskulane i Bergen, Os og Voss. Operaen har premiere på oseana 21. juni og skal deretter spelast både i Grieghallen og på Voss. På kvar av stadane vil den lokale kulturskulen medverke i form av songarar og dansarar. Framsyninga blir dermed ei blanding av amatørar og profesjonelle aktørar.

I  Gioachino Rossini sin versjon av Askepott får vi servert mange overraskande element i den klassiske eventyret der den fattige hushjelpa overvinn både stemora og stesystrene sine, og vinn prinsen.

I operaen Askepott elskar personane å forkle seg, vri og vende på sanninga og flørte uhemma. Prinsen forkler seg som tenar, og tenaren latar som han er prins. Stesystrene går på limpinnen, men Askepott elskar prinsen for den han er, og ikkje for tittelen hans. Rossini sin Askepott er eit oppkomme av flotte melodiar og briliant orkestrering, og er komponert året etter "Barbereren i Sevilla".

Operaen er regissert av Roland Breand, som mellom anna hadde ansvaret for den spektakulære opninga av den europeiske kulturhovudstaden Stavanger2008. Hovudrolla blir sungen av Rita Lynne, medan Kjell Seim er dirigent.

 

Rolleliste:

Angelina (Askepott) - Rita Lynne

Don Ramiro - Edgardo Raul Rocha Trotta

Dandini - Anton Lindquist

Don Magnifico - Péter Kálmán

Alidoro - Simon Kirkbride

Clorinda - Åse Krystad

Tisbe - Siv Oda Hagerupsen

Orkester - Ung Symfoni

Kor - Kor Vest

I tillegg medverkar dansarar frå Os Kulturskule

 

Billettprisar:

Ord. bill kr. 285,-

Familiebillett (min. 4 pers) kr. 200,- pr. billett

Medverkande pris kr. 100,-

 

Treng du overnatting i Os? Kontakt Solstrand Hotell & Bad eller Bjørnefjorden Gjestetun.

Informasjon

Dato:
2012-06-21 18:00
Klokka: 18:00
Lengde:
2t 30min inkl. 30min pause
Pris:
Ordinær bill. kr. 285,- Familiebillett (min. 4 pers) kr. 200,- pr billett
Kjøp billett:
Arrangør:
Den Nye Opera
Regi:
Roland Breand

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar