Battle of the Bjørnefjord

I dag kunne Oseana, Os Rockeklubb og kultureiniga i Os kommune stolt presentere Battle of the Bjørnefjord!

Laurdag 22. september brakar det laust med Battle of the Bjørnefjord i Oseanasalen.

BoB er ein bandkonkurranse for ungdomsband i området rundt Bjørnefjorden. Ungdom frå kommunane Os, Fusa, Tysnes, Austevoll, Samnanger og Stord har sjansen til å melde seg på og konkurrere om ein spelejobb på Oseana seinare denne hausten. Oseana stiller med lokaler og fagfolk, Kultureininga stiller med økonomisk støtte og Os Rockeklubb stiller med backline og mykje god kompetanse! No manglar vi berre DEG og ditt band for å skape ein magisk kveld!

BoB skal vere eit profesjonelt tilbod for unge band, der dei får sjansen til å vise seg fram på ei stor scene, med eit profesjonelt lag av lyd- og lysfolk i ryggen. Vinnarane vil bli kåra gjennom både eit fagpanel og med publikumsstemmer. Det stillast ingen krav til sjanger, men det må vere eit band. Vinnarbandet blir oppvarmingsband for Anja Elena på Ungdomskvelden som blir arrangert under Oktoberfest- veka 5. oktober.

All informasjon om påmelding o.l finn du på Facebook. Battle of the Bjørnefjord på facebook! Direkte link til påmeldingsskjema finn du her! Påmeldingsfristen er 17. september. 

Meir informasjon om dette vil kome fortløpande, føl med på Facebook og på Oseana sine heimesider!

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar