Befatning med det virkelige kan ikke alltid være ens – Hilde Skjeggestad

Befatning med det virkelige kan ikke alltid være ens – Hilde Skjeggestad

Hilde Skjeggestad er fødd i Chicago i 1960, men bur og arbeidar i Bergen. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen og i Poznan, Polen. Ho har hatt ei rekkje separat- og kollektivutstillingar. Skjeggestad har gjennom ei årrekkje vore svært aktiv ikkje berre som utøvande kunstnar, men også gjennom undervisning, fagpolitisk arbeid og konsulentoppdrag for KORO. Arbeida hennar er innkjøpt både av Bergen kommune og Norsk Kulturråd. 
Skjeggestad sine nye arbeid er utvikla spesielt for utstillinga i Hvelvet. Som i mange av dei tidlegare arbeida hennar består det av maleri i mange delar, kobla saman til lange horisontale band. Betraktaren les utstillinga ved å vandre frå den eine enden til den andre, omtrent som ei filmvisning der betraktaren er den mobile eininga, medan «filmen» står i ro. 
Maleria er langsomme i den forstand at innhald, fargar og oppbygging fyrst utfaldar seg dersom betraktaren gjev augene tid til synsprosessen. Bilde som ved fyrste augekast kan verke fargelause viser seg etter litt tid slett ikkje å vere det. På same måte kan nokon av delane umiddelbart oppfattast som omtrent like. Augene og hjerna må justerast for å oppfatte kor ulike dei faktisk er. Det bidreg til at forståinga blir meir nyansert og kompleks. 
Evelyn Holm har gjeve ei fin beskriving av denne erfaringa:
» Eit umiddelbart møte med Hilde Skjeggestad sine maleri gjev eit inntrykk av kjøleg luftigheit, klarheit og saklegheit. I det tankeprosessen blir kobla inn er næraste umiddelbare reaksjon at dette inntrykket ikkje kan vere korrekt. (…) Lyst og matt, nærast tørt til å begynne med. Etter kvart forvandlast den tørre, noko ørkenaktige karakteren, det matte forsvinn og fargane framstår som lysande i staden for lyse. Maleri og auge går inn i ei optisk kontrakt som verkar over tid. Fargeflatene foretek ein forsiktig invasjon i rommet, flatekarakteren er framleis til stades, men flatene pulserar og tenderar mot å innta ein flytande posisjon i førekant av billedflata. Ein optisk illusjon  heilt avhengig av det subjektive sanseapparatet, men omtrent like objektiv som regnbogen, som også er ein optisk illusjon, men som kan observerast av dei fleste. «
Utstillinga i Hvelvet består av to delar. På den eine langveggen heng ein serie på 8 variasjonar i grønt. På motståande vegg finn du ein serie på fem langt meir ulike og offensive uttrykk. Alle maleria er i same format og er bygd opp av tynne, transparente fargelag som er lagde rett på upreparert lerret. 
Utstillinga har fått støtte av Norsk Kulturfond.
 
Utstillinga opnar laudag 26. april kl. 15.00. Det blir enkel servering, og eit musikalsk innslag ved vibrafonist Manuel Hoffstätter. Utstillinga står i perioden 26. april – 31. mai.