Ekstraframsyning av tanntrolla!

Billettane til Riksteateret si framsyning om Karius og Baktus har nærast blitt revne vekk, og i dag kunne arrangementssjef Berit Steen fortelje at det blir sett opp ei ekstraframsyning.
- Både vi og Riksteateret er veldig fornøgde med billettsalet, og vi er glade over å kunne annonsere at Riksteateret no vel å spele to framsyningar på Os, seier Steen.
- Riksteateret har ein stramt oppsett turneplan, og ikkje alle stadar er det rom for å kunne setje opp ekstraframsyningar. Vi er difor heldige som fekk dette til, avsluttar Steen.
Ekstraframsyninga går kl. 16.30 , 30. april, same dato som den tidlegare oppsette framsyninga. Billettane er allereie lagde ut for sal, og kan kjøpast i resepsjonen på Oseana, på Billettservice sine nettsider eller på ein annan av Billettservice sine utsalsstadar.
Trykk her for å kjøpe billettar, eller trykk her for å lese meir om framsyninga.




