Teknisk informasjon

 

Oseanasalen -19 x 37 meter, om lag 700 m2

Salen er utstyrt med fleksibelt rulleamfi med 490 sitjeplassar i fast amfi. Amfiet kan og reduserast til færre sitjeplassar enn 490 plassar i ulike kombinasjonar. Amfiet byggjer 22,5 meter i lengde. Utan amfi kan alle 700 m2 nyttast på flatt golv. Storsalen har omlag 10 meter høgd til himling. Over scenen er det akustikkelement som kan justerast. Ein kan lasta og lossa direkte inn på bakscene frå lastebil/vogntog eller via port til sidelager ved scene. Inngang til Oseanasalen er frå foajeen. Oseanasalen har parkettgolv og lyddempande plater i himling og veggar. Golvet er bygd opp for å kunne tilfredstille krav til profesjonell dans. Det kan riggast scene med lause sceneelement i ulike høgder opp til ein meter. Oseana er og vel utrusta når det kjem til lys- og lydutstyr.

Vargasalen - 15 x 15 meter

Kan delast i to mindre rom med mobilvegg. Dei to romma vil då vera 15 x 6,7 meter og 15 x 8,3 meter. Takhøgda er 3,2 meter og det er montert grid i taket for montering av høgtalarar og lys. Vargasalen har parkettgolv og lyddempande plater i himling og vegger. Golvet er bygd opp for å kunne tilfredstille krav til profesjonell dans. Det er speglvegg og dansebarre i rommet.

Foajé - 400 m2

Med glasvegger i fasadegavlar og med skifergolv. Godt egna for mottakingar, intimkonsertar, førestillingar og liknande. Lyddempande plater i tak og vegger. Takhøgde i fleire nivå, max 12 meter.

Restaurant - 300 m2

Parkettgolv og lyddempande plater i golv og himling. Med utsyn i glasfasade omlag 180° der ein kan sjå blant anna Bjørnefjorden, Melderskin og Folgefonna.

Griegsamlingen - 600 m2

Galleri som rommar den private samlinga til Per Grieg sr. Parkettgolv og lyddempande plater i golv og i himling. Utsyn i glasfasade omlag 180° der ein kan sjå blant anna Bjørnefjorden, Melderskin og Folgefonna.

Hvelvet - 110 m2

I tilknyting til Griegsamlingen ligg også Hvelvet, vårt temporære utstillingslokale. Rommet målar om lag 5 x 22 meter, og har ei takhøgde på ca 3,5 meter. 

Oseana - eit forbildeprosjekt hos ENOVA.

Oseana har det største solcellepanelet i landet på 550 m2 integrert i fasaden. Varmepumper i Bjørnefjorden reduserer energiforbruket med to tredjedeler, frå 1.125.000 kwh til 430.000 kwh pr år

Opening hours

Monday - Friday 11.00 - 16.30
Saturday - Sunday 12.00 - 18.00