nodeimage

Friskunst!

Friskunst er Oseana sitt formidlingsprogram for born og unge. 

Kvart år blir alle 4. , 6. , 8. og 10. –klassingar i Os kommune inviterte på besøk til Oseana kunst- og kultursenter. Prosjektet heiter Friskunst og er ein del av Oseana sitt formidlingsprogram. Friskunst er eit samarbeid mellom Oseana, Os kommune og Kavlifondet. 

Tanken bak prosjektet er at i løpet av eit tiårig skuleløp skal alle elevar i Os kommune besøkje Oseana 4 gonger, og delta i ulike kunst- og kulturprosjekt knytta til eksisterande aktivitet på kultursenteret. Alle prosjekta er obligatoriske og skjer i skuletida, og tek utgangspunkt i fagplanane for dei enkelte alderstrinna. 

Friskunst- prosjekta er delt i tre delar.

  • Fyrste del består av forarbeid i klasserommet. Alle klassene får besøk av Oseana- pedagogen, som førebur elevane på det dei skal oppleve i Oseana. 
  • Del to finn stad på skulen og i heimen.  Lærarane får alt undervisningsmaterialet skriftleg frå Oseana- pedagogen, slik at dei kan arbeide vidare med stoffet i klasserommet. Eleven har også gjennom It's Learning tilgong til programmet Music Delta, der dei kan logge seg på og gjere oppgåver og kurs som er knytte til sitt prosjekt, både på skulen og heime. 
  • Tredje del er besøket på Oseana. Klassa møter der igjen pedagogen som dei har møtt før, og blir førebudde på det dei skal oppleve før dei går inn til framsyning eller kunstsamling. Det kan også inngå praktisk arbeid som blir utført medan eleven er på Oseana. 

Logg inn til Music Delta her

Opening hours

Monday - Friday 11.00 - 16.30
Saturday - Sunday 12.00 - 18.00