Færingen + Christine Koht = Heilaften på Oseana

Det er gode moglegheiter for å få seg både ein betre middag og eit fantastisk show på Oseana på fredag.

Færingen har laga ein eigen treretters meny i anledninga at Christine Koht held sitt forrykande show på Oseana fredag kveld.

  - Dette er noko vi kjem til å gjere, lage spesielle to- eller trerettarar i slike høve, til gode prisar, fortel kjøkensjef på Færingen, Angus Hugøy.

  - Denne gongen har vi vald å lage ein treretters meny som vi trur og håpar vil falle i smak, seier han.

 

Fredagens treretters meny består av desse tre rettane:

* Jordskokksuppe med røykt and

* Ytrefilet av okse, servert med krema sopp og raudvinssjy

* Færingen sin berømte karamellpudding

 

Angus kan og fortelje at det denne fredagen blir opna opp for eit bordsete etter framsyninga, altså frå 21.30 og utover. Då kan publikum velje om dei ynskjer å ha middag før eller etter showet. Han understrekar også at dei som ikkje har tenkt seg på show også sjølvsagt er hjarteleg velkomne!

Han ber også folk om å vere flinke å tinge bord på førehand.

  - Vi blir veldig fort fylt opp slike kveldar, og det er veldig leit å måtte avvise folk i døra, når dei har pynta seg og førebudd seg på å få ete middag ute, seier Angus.

Bordbestilling på Færingen kan gjerast på telefon 96 20 10 00 i restauranten sine opningstider. Opningstidene finn du her.

 

Færingen vil også innføre Dagens middag kvar søndag, i tillegg til den vanlege a la carte- menyen.

  - Vi prøvde ut dette konseptet førre helg og det såg ut til å falle i smak hos gjestane. Kvar søndag framover vil vi derfor ha ein spesiell toretters meny til ein hyggjeleg pris på kr. 298,-, avsluttar Angus.

 

Det er også framleis råd å få seg billettar til Christine Koht- showet. Billettar kan kjøpast her, i resepsjonen på Oseana eller på ein annan av Billettservice sine utsalsstadar.

 

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar