Festspilldag

For fyrste gong kjem Festspillene til Os!

Laurdag 26. mai blir det for fyrste gong arrangert ei avdeling av Festspillene på Os! Frå morgon til kveld blir det arrangement på Oseana, med artistar frå Nordiske Impulsar. Heile fire framsyningar står på programmet denne dagen, og her blir det underhalding både for store og for små! Det vil også vere mogleg å kjøpe festivalpass til alle framsyningane, sjå informasjon nederst i teksten.

 

Kl. 13:00 blir det Circus Los Amigos for dei yngste i Vargasalen. Dei to klovnane Rosita og Pepito spelar musikk og skal til å starte sitt vesle sirkus- show. Men plutseleg finn Rosita ein kalendar, og oppdagar at Pepito har bursdag! Kva skal dei gjere? Dei finn presangar til kvarandre, og ut av desse gåvene blir det laga ei sjarmerande lita sirkusframsyning.

Trykk her for å kjøpe billettar til denne framsyninga.

 

Kl. 15:00 er det duka for internasjonale stjerner i Oseanasalen. Den latviske akkordeonisten Ksenija Sidorova får følgje av det gregorianske Rustavi- koret, og det er duka for spennande tonar og rytmer frå det austlege Europa.

23 år gamle Sidorova trakterar trekkspelet på ein imponerande måte. Kritikarar har sagt at ho får det store, uhamslege instrumentet til å verke lett og lettbeint som ein dansar. Ho spelar både stykker frå det klassiske repertoaret og verk skrive spesielt for akkordeon.

Rustavi- koret  frå Georgia ivaretek landet sine stemningsfulle songtradisjonar. Dei ti songarane framfører fleirstemmige melodiar som har røter fleire hundre år tilbake i tid, og i 2001 kom gregorisk song på UNESCO si liste over verdsarv. Rustavikoret har sidan starten i 1968 heldt over 4000 konsertar verda over, og har i løpet av denne tida hatt over 700 ulike songar på repertoaret.

Konserten varer i om lag 1,5 t.

Trykk her for å kjøpe billettar til denne konserten.

 

Kl. 17:30 held Ragnhild Hemsing og Tor Espen Aspaas  konsert i Griegsamlinga. Ragnhild Hemsing har markert seg som ein allsidig artist, med full kontroll over eit breitt repertoar både som solist og som kammermusikar. Ho hadde sin debut med Bergen Filharmoniske Orkester allereie som 13- åring, og har sidan den gong spelt med store symfoniorkester og på musikkfestivalar over heile verda.

Pianisten Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte og allsidige pianistane i sin generasjon av norske musikere. Aspaas er professor ved Norges Musikkhøyskole, og har vore solist med ei rekke nasjonale og internasjonale symfoniorkester. Karriera hans er i aukande grad internasjonal, ved sida av konsertar og turnéar i Norden og resten av Europa, USA og Asia, er han jamnleg engasjert ved norske og internasjonale festivalar og konsertseriar. Han er også svært ettertrakta som kammermusikar.

Konserten varer i om lag 1 t.

Trykk her for å kjøpe billettar til denne konserten. 

 

Kl. 20:00 er det duka for svingande rytmer i Oseanasalen, når Venezuela Brassensemble inntek scena. Denne gjengen er kjende for å få publikum på beina! Dei kombinerer gjerne det klassiske repertoaret med verk frå Sør- Amerika, og det svingar ofte slik at publikum har vanskeleg med å sitje stille! Mange av dei 43 musikarane kjem frå Simón Bolívar Youth Orcherstra, som er eit av dei mest kjende orkestera som har sitt utspring i El Sistema - Venezuela sitt unike musikkundervisningsprogram for born og unge. Venezuela Brassensamble har opptrådd både på BBC Proms og Festspillene i Salzburg, og blir møtte med strålande kritikkar og fulle hus over heile verda.

Konserten varer i 1,5 t.

Trykk her for å kjøpe billettar til denne konserten.

 

Festivalpass

Du kan kjøpe festivalpass til alle dei fire framsyningane denne dagen. Prisen på festivalpasset er kr. 650,- NB! Dette passet kan KUN kjøpast i resepsjonen på Oseana!

Det er sjølvsagt råd å kjøpe enkeltbillettar til ein eller fleire av dei fire framsyningane. Bruk då linken under kvar omtale for å kome til Billettservice sine sider, eller kjøp billettar i resepsjonen på Oseana.

 

 

Treng du overnatting i Os? Kontakt Solstrand Hotell & Bad eller Bjørnefjorden Gjestetun.

 

Informasjon

Dato:
2012-05-26 (Hele dagen)
Klokka: (Hele dagen)
Pris:
Frå kr. 50,- Festivalpass kr. 650,-
Billettinfo:
Link til Billettservice finn du under omtala av kvar konsert i teksten. Festivalpass kan kun kjøpast i resepsjonen på Oseana

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar