HeilHelg på Oseana

Denne helga er det mogelegheiter for å få med seg mange spanande ting på Oseana. Heile helga er fylt med arrangement av ulik storleik, så det skulle vere noko for ein kvar smak.
Fredag
Aasmund Brekke opnar ballet allereie fredag kveld, då han skal ha plateslepp og konsert i Griegsamlinga kl. 20.00. Aasmund slepp då plata XYZ, som han karakteriserer som medrivande brasiliansk jazz. Med seg på laget har han Frøydis Grorud på saxofon og fløyte, Morten Færestrand på gitar, Ole Marius Sandberg på bass, Stein Inge Brækhus på trommer, medan han sjølv trakterar flygelet. Konserten startar kl. 20.00, og billettar blir selde i døra.
Laurdag
Laurdag inviterar Færingen til smaksprøvar frå menyane. Kjøkensjef Angus Hugøy håpar mange vil ta turen innom for å få ein smakebit av kva Færingen har å by på.
- Vi vil presentere eit utval rettar frå dei menyane vi har, både frå lunsjmenyar og selskapsmenyar. Alt vil vere kjenneteikna av kjernen i det Færingen driv med, kortreiste råvarer og fokus på minuttfersk mat, fortel Angus, som og kan fortelje at Spilde gård, som leverar den fantastiske eplemosten som Færingen serverar, også vil vere til stades for å dele ut smaksprøvar. Restauranten har ope mellom 11.00 og 22.00 på laurdag.
I tillegg er det denne dagen gratis inngang for alle i Griegsamlinga. Den permanente Griegsamlinga har no selskap av den temporære utstillinga "Livets stier & former" av cubanske Ramon Haiti Filiu, og osingane har teke godt i mot denne fargesterke utstillinga, som har bilder i alle storleikar og mange prisklasser.
- Vi har seld bilete for godt over halva av den samla verdien på utstillinga, og både vi og kunstnaren er svært nøgde, fortel arrangementssjef Berit Steen. Ho oppmodar alle som ikkje har sett denne utstillinga til å legge turen innom.
- Det er jo morsdag på søndag, kanskje ein i år kan overraske med eit oseansk- cubansk kunstverk i gåve? smiler Steen.
Søndag
Men det finnast fleire alternativ enn kunst for dei som søndags morgon vaknar opp og har gløymt å kjøpe roser til mor. Færingen kan bli redninga, for heile familien.
- Søndag serverer vi ein toretters meny, beståande av lammesteik servert med rotgrønsaker, fløytepoteter og raudvinssjy, og Færingen sin berømte karamellpudding til dessert, til ein hyggjeleg pris, kr. 249,- pr. person, fortel Angus. Han minner om at dei også har eigne barnerettar, i tillegg til at ein kan få halv porsjon til halv pris av alle rettar. Søndagar held restauranten ope mellom 11.00 og 18.00.
Kl. 17.00 visast framsyninga Fargespill: Stjerner i øynene i Oseanasalen. Fargespill har vore ein kjempesuksess sidan starten i 2004. og for fyrste gong visast framsyninga på Os. Nær 70 born og unge frå over 25 nasjonar står på scena, og viser musikk og dans frå sin eigen heimkultur.
- Denne framsyninga har seld fort, men det er framleis råd å skaffe seg billettar, seier kulturhusvert Janne Mari Hjelle.
Det ligg med andre ord godt til rette for å kunne tilbringe ei HeilHelg på Oseana!




