Jazz i verdsklasse på Oseana

To norske jazzmusikarar av internasjonal klasse står saman på Oseanascena i juni.

16. juni har du sjansen til å få med deg to av Noregs beste jazzmusikarar i samspel på Oseana. Den kjende jazzpianisten Tord Gustavsen tek med seg det unge stjerneskotet Elisabeth Lid Trøen til Griegsamlinga, for å gje deg ei sjeldan fin musikalsk oppleving.

Gustavsen har gjennom ei årrekke vore ein av landets dyktigaste og mest profilerte jazzmusikarar både i innland og utland, medan 19 år unge Trøen berre kan skilte med tre års fartstid bak seg på saksofonen. På desse tre åra har ho imidlertid rukke å spele med og ikkje minst imponere nokre av dei største jazzmusikarane i verda!

Les meir om konserten her.

Billettane kjem for sal frå 24. februar, og kan kjøpast i resepsjonen på Oseana, på Billettservice sine internettsider eller hos ein annan av Billettservice sine utsalsstadar.

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar