Kinosøndag 18. desember

Oseana bilde

Siste kinosøndag i 2011 går av stabelen 18. desember.

 

Søndag 18. desember er siste kinosøndag i 2011.

Kl. 15.00 visast barnefilmen "Happy Feet 2". Dette er oppfølgjaren til "Happy Feet" frå 2006, og vi reiser tilbake til Antarktis for å møte igjen pingvinen Mumble.

Det oppstår problem for keisarpingvinen og steppekongen Muble når det viser seg at sonen Erik ikkje kan danse. Motvillig til å lære reiser Erik ut på eigne eventyr, der han mellom anna møter Sven, ein pingvin som kan fly!

Muble forstår at han ikkje lenger er Erik sitt førebilete, men situasjonen endrar seg når verda blir rysta av mektige krefter. Erik ser far sin samle heile pingvin- nasjonen og all verdas fantastiske skapningar til ein kamp i felleskap. No må dei redde Antarktis!

Filmen har 7 års aldersgrense, og varer i 1,5 timar.

 

Det blir hardare takter kl. 18.00 når "Arme riddere" står på programmet. Filmen er basert på ei historie skriven av Jo Nesbø, mannen bak haustens store kinosuksess "Hodejegerne".

 Vitskremd og blodig vaknar Oscar Svendsen i det som ein gong var ei anstendig strippebule på Svinesund. I henda har han ei hagle, rundt han ligg 8 blodige lik og framfor han står kriposetterforskar Solør og peikar på han med ein pistol.

Oscar hevdar hardnakka han er uskuldig, og startar nølande å fortelje ei utruleg historie om fire rufsete kameratar, som alle jobbar på ein snodig fabrikk som lagar plastjuletre, og som vann 1 739 361 kr i tipping, ein sum som skulle vise seg å vere umogleg å dele...

På rollelista finn vi mellom anna Kyrre Hellum, Mads Ousdal, Arthur Berning og Andreas Cappelen, i tillegg til Lena Kristin Ellingsen, Henrik Mestad og Fritjov Såheim.

Filmen har 15 års aldersgrense.

 

Oseana bilde
1 av 1

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar