Kinosøndag 19. februar

Tøffe kattar og tenåringsgutar med overnaturlege evner - med andre ord noko for ein kvar smak på kinosøndagen 19. februar.

Søndag 19. februar er det igjen kinosøndag på Oseana, og også denne helga er det filmar som passar både for store og for små.

Fyrst ute er Pus med Støvler, som visast søndag kl. 16.00 Pus med Støvler vart vi kjende med i Shrek- filmane, men dette er historia om pusen før han møtte gjengen frå Shrek. Les meir om filmen her. Filmen varer i 1t 31min og har 7 års aldersgrense. NB! Filmen visast i 2D!

 

Klokka 19.00 visast Chronicle, historia om tre tenåringsgutar som gjer ei oppdaging som gjev dei overnaturlege krefter. Etter kvart byrjar dei mørke sidene å ta over hos gutane... Trykk her for å lese meir og sjå trailer. Filmen varer i 1t 24min og har 15 års aldersgrense.

 

Færingen held som vanleg open kiosk, så alt ligg til rette for ein fin kinokveld på Oseana!

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar