Kurt Weil til Oseana laurdag 28.januar

Oseana slepp heile vårprogrammet sitt 7. januar i Griegsamlinga, der det blir både konsert, programinfo og noko godt i glaset.
I dag blir imidlertid endå ein smakebit frå programmet offentleggjort. 28. januar inntek Os Kammerkor scena i Oseana med ei musikalsk reise frå Berlin til Broadway.
Os Kammerkor presenterer, i samarbeid med tubaist Elisabeth Vannebo og messingkvartetten Bris, musikalske perler frå den tyske komponisten Kurt Weill. Weill kan vise til eit rikhaldig repertoar, og har skrive både for teater og musikalscene. Mest kjend er han kanskje for å ha tonesett Berthold Brecht sitt kjende stykke "Tolvskillingsoperaen".
Bris er ei gruppe frilansande messingblåsarar som består av Are Ovesen, Tom Osa, Brit Jonsrud Horn, Haldis Bårdsen og Elisabeth Wannebo. Dei har tidlegare hatt prosjekt med Weill sin musikk saman med songaren Bettina Smith og skodespelaren Helge Jordal, og også med damekoret Oktavia. Til hausten skal prosjektet på turne, denne gongen i samarbeid med visekunstnaren Geirr Lystrup.
Elisabeth Vannebo har også arrangert songane for Kammerkoret, i tillegg til vere ein del av det musikalske tonefølgjet til koret denne kvelden.
Billettar til arrangementet er allereie ute for sal, trykk her for å kjøpe billett!
Du finn meir informasjon om arrangementet her.




