Miljøpris til Oseana!

Oseana bilde

Oseana og Os kommune vart i går kveld kåra til Årets lokale klimatiltak for 2011!

Det var ein stolt Os- ordførar som i går kunne ta i mot prisen for "Årets lokale klimatiltak" på årets Zero-konferanse. Konferansen vart avvikla på Gardermoen, der mellom anna Petter Stordalen og Arnold Schwarzenegger var til stades.

Os og Oseana danka ut både Røyken (Jordvarmesentralar), Asker (bruk av LED-lys i vegbelysing), Trondheim (Satsinga på kollektivtransport) og  Elverum (ENØK i kommunale bygg).  Dei fire andre kommunene som vart slegne av Os på målstreken, har allereie tinga studiebesøk på Oseana.

Det var tidlegare Senterparti- leiar og statsråd Aslaug Haga som var juryformann, og ho sto også for utdelinga av prisen. Haga grunngav prisgjevninga slik:

- «Årets lokale klimatiltak» er nok ikke den kommunen vi først tenker på når det er snakk om norske klimakommuner. Likevel var det ingen tvil i juryen om førsteplassen. Dette er et ristig og nyskapende - og jeg vil si, vakkert - forbildeprosjekt med sterk signal- og overføringsverdi, hvor solcelleteknologi og arkitektur er koblet på sammen på en ny måte. I tillegg til at det ser pent ut er behovet for tilført energi redusert med 65 prosent i kommunens nyåpnede bygg. Gratulerer Os!

Juryen besto forutanom Åslaug Haga, av tidlegare olje- og energiminister Einar Steensnæs, administrerande direktør Sigrun Vågeng og leiar i Zero, Einar Håndlykken.

 

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar