Mummi-framsyninga er avlyst!

Victoria Productions har avlyst turneen med Mummitrollet og trollmannens hatt, som skulle hatt framsyning på Oseana 8. mars.

  - Dette er svært beklageleg, men dessverre ikkje noko vi kan gjere noko med, sidan det er produksjonsselskapet og arrangøren som av ulike grunnar har vald å kansellere heile turneen, seier arrangementssjef Berit Steen.

Dei som har kjøpt billettar til framsyninga får desse refunderte ved å henvende seg der dei har kjøpt billettane, eller ved å ta direkte kontakt med Billettservice. Sjå Billettservice sine sider om refundering her.

 

For dei som framleis ynskjer å gå på ei flott barneframsyning, anbefalar Steen alle å få med seg dansegruppa Abcence si spenstige oppsetjing "Askeladden på nye eventyr", som spelast på Oseana 10. mars, to dagar etter den avlyste Mummi- framsyninga.

  - Askeladden- framsyninga har gått på Den Nationale Scene til strålande kritikkar og fulle hus, og er ei spenstig framsyning som passar for absolutt heile familien, avsluttar Steen.

Les meir om Askeladden og dei gode hjelparane her.

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar