nodeimage

BAJAZZ - Julelåteri med Mads Berven

Musikalsk førjulsleik!

Dato

09.desember

Tidspunkt

13:00

Pris

Ord. 100,-/BT 80,-

Fire fantastiske musikarar møtes til førjulsleik for å spela juleklassikarar i jazz-, pop-, ska-, og rockeversjon. Høgtid og moro, kaos og virtuos kappleik i herleg blanding.

Frontmann Mads Berven har tidlegare gjesta Bajazz med Jens Brun & De Hattmakers med stor suksess, der James Brown sin musikk er omsett til norsk og tilpassa born. Jørgen Mathiesen kjenner vi frå Krokofant og The Core, Ole Marius Sandberg frå Voksne Herrers Orkester, medan Jarle Vespestad mellom svært mykje anna speler trommer i Farmers Market.

Ein familiekonsert med garantert julestemning, allsong og galskap!

 

Mads Berven (gitar, vokal)

Jørgen Mathiesen (saksofonar)

Ole Marius Sandberg (bass)

Jarle Vespestad (trommer)

 

Born under 2 år kjem gratis på denne konserten.

 

Følg gjerne vårt​ Facebook-arrangement!

 

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00