nodeimage

Chopin i ord og tonar

Med meisterpianisten Grzegorz Niemczuk 

Dato

10.februar

Tidspunkt

18:00

Pris

345,- / 685,-

Chopin i ord og tonar med meisterpianisten Grzegorz Niemczuk.

Niemczuk er ein av dei framste yngre pianistane i Polen, fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med beste karakter. No har han heile verda som virkefelt, og han har konsertert i dei fleste europeiske land – i tillegg til Amerika, Asia, Afrika  og Australia.

Under konserten «Chopin i ord od tonar» gjev Grzegorz Niemczuk oss eit program med nokre av dei meist virtuose, vakraste og mest kjende verka til Frédéric Chopin. Som Chopin­meister er det ei heilt spesiell glede for han å formidla landsmannen sin musikk. Dette krevjande programmet vil til fulle visa Grzegorz Niemczuk si evne til kjenslevart å formidla det spesielle ved kvart enkelt musikkstykke. Grzegorz Niemczuk er ikkje berre ein framifrå pianist. Han er òg ein strålande kåsør. Dette gjer ein konsert med Grzegorz Niemczuk til ei heilt spesiell oppleving.

Konsertprogram:

1. AVDELING: • Polonese A­dur Op. 40 Nr. 1 “Militærpolonesen” • 2 nocturner: B­moll Op. 9 nr. 1 ­ Ess­dur Op. 9 Nr. 2 •   2 etyder fra Op. 10: Nr. 1 C­dur og nr. 12 c­moll “Revolusjonsetyden” • Nocturne c­moll Op. 48 nr. 1 • Scherzo b­moll Op. 31 nr. 2

2. AVDELING •  3 Mazurkaer Op. 50:   Nr. 1 G­dur. Nr. 2 Ass­dur. Nr. 3 ciss­moll. •  3 Grand Valses Brillantes Op. 34: Nr. 1 Ass­dur, nr. 2 a­moll og nr. 3 F­dur • Fantasi impromptu ciss­moll Op. 66 • Polonese g­moll • Polonese Ass­dur Op. 53 nr. 6 “Den heroiske”

Denne konserten kan du gjere til ei heilaftan i Oseana. I restuaranten vil dei denne kvelden setja opp ein eigen Chopin meny, beståande av x rettar. Menyen vil bli sett saman av sesongens beste råvarer! I tillegg får du eit eige møte med pianisten etter konserten.

 

Velkomen til ei klassisk oppleving i Oseana!

 

Billettprisar:

Kun konsert: 345,

Konsert + konsertmeny og eige møte med pianisten etter konserten: 685,- 

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Servering

Middag før eller etter konserten? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00