nodeimage

Ekstra-smud

Doble framsyningar med Dagfinn i desember! 

 

Dagfinn Lyngbø sel billettar så det susar!

For knappe to veker sidan opna salet på Dagfinn Lyngbø sitt show «Supersmud» som kjem til Oseana 8. og 9. desember. No er om lag alle billettar rivne vekk, og Oseana og Stand Up Norge opnar no opp for to ekstraframsyningar. 

 - Det har vore kø både i billettluka og på telefonen. Det er berre eit par rader med ledige billettar att på kvar av dei to framsyningane, og trøkket er framleis stort. Det er difor veldig kjekt at Stand Up Norge no set opp ikkje berre éi, men to ekstraframsyningar, smiler arrangementssjef Berit Steen. 
Lyngbø doblar like så godt opp på dei to nemnte dagane og køyrer framsyningar også kl. 21.00, og Steen har trua på at også her må folk vere kjapt ute dersom dei vil sikre seg billettar. 

 - Med tanke på kor fort dei fyrste to showa har seld trur eg ikkje publikum bør vente for lenge. Vi har absolutt tru på at vi kan få til fire fulle hus med Dagfinn, og det kan gå fortare enn folk trur. 
 - Det er veldig kjekt når billettsalet går supersmud, avsluttar Steen. 

Billettsalet til dei to framsyningane startar torsdag 23. februar kl. 12:00, og billettane er tilgjengelege via Ticketmaster.no, Oseana.no eller på telefon 917 50 231. 

 

Foto: John Andresen / Stand Up Norge

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00