nodeimage

Ekstra-tulling

Det er ikkje berre Dagfinn Lyngbø som har behov for å sette opp ekstra-show på Oseana denne hausten, det har også Thomas Helgesen! 

Thomas Helgesen markerer førtiårskrisa si med å lage stand up- show på Oseana. Den morosame osingen la 11. februar ut billettar til showet sitt "To meter tulling" 21. oktober, og allereie etter tre dagar var showet utseld! Han plasserar seg då i eit eksklusivt selskap, berre Ylvis og Dagfinn Lyngbø har seld ut Oseanasalen like fort tidlegare!

No gjev Thomas 490 nye osingar sjansen til å oppleve showet hans, og set opp ekstraframsyning 10. november! Billettsalet har starta, ver rask om du vil sikre deg billettar, for her kjem det til å gå unna!

Kjøp billettar til 10. november her! 

 

 

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00