nodeimage

Hans & Grete

Humperdinck sin kjende eventyropera!

Dato

22.oktober

Tidspunkt

15:00

Pris

Ord. 300,-

 

Humperdinck sin verdenskjende eventyropera i ei fantasifull forestilling for voksne og barn.

Hans og Grete er eit eventyr frå brødrene Grimm si samling og er eit av de mest kjende i vestlig kultur. Engelbert Humperdinck sin opera er basert på eventyret og reknast som historiens mest populære barneopera.

 

Bergen Nasjonale Opera har skapt ein heilt ny og fantasifull produksjon som skal ut på vestlandsturne høsten 2017. Fem songarar skal saman med barn fra lokale skular opptre på åtte spelestader på Vestlandet. Med innovative visuelle effektar og virtuost klaverakkompagnement, kan du forvente ei spanande forestilling der Hans og Grete blir satt på prøve av uventa farer og ei skummel heks!

 

Regissør James Bonas er kjend for sitt svært fantasifulle arbeid for barn og unge. Elizabeth Gimmestad har rollen som Grete, og Rita Therese Ziem synger rollen som Hans.

 

Engelbert Humperdinck / Musikk
Adelheid Wette / Libretto, oversatt til norsk av Gunnar Bergstrøm
James Bonas / Regi
Tom Paris / Scenografi og kostyme
Stephen Higgins / Musikalsk leder
Rita Therese Ziem / Hans
Elisabeth Gimmestad / Grete
Halvor Festervoll Melien / Faren
Ingunn Kilen / Mora og heksa
Hilde Annine Hasselberg / Jon Blund og Duggfe

 

Elevar fra frå Os Barneskule medverkar i forestillinga.

 

Anbefalt frå 8 år

Opera i 2 aktar
Varer i 1 time og 20 min utan pause
Blir sunge på norsk

 

Denne forestillinga har fleire billetkategoriar, sjå billettlink øverst på sida.

 

Følg gjerne vårt​ Facebook-arrangement!

Servering

Oseana Kafè og Restaurant er open for tinging av bord. Ring 53 69 51 40.

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00