nodeimage

Heimebryggjarkonkurranse

Oseana Ølfestival

KLAR - FERDIG - BRYGG!

Sjølvsagt blir det tevling under Oseana Ølfestival, og her er reglane for heimebryggjarkonkurransen:

 

HEIMEBRYGGJARKONKURRANSE

Hovudtema for tevlinga er at ølet skal ha minst éin lokal ingrediens. Bjørnafjorden Bryggeri har sterk lokal tilknytning, og dette er dermed temaet for tevlinga i år. Desse føresegnene gjeld:

  • Ølet må vera overgjæra, altså ein ale.
  • Ølet må vera under 6% i alkoholstyrke.
  • Ølet må innehalde minst éin lokal ingrediens (rognebær, einer, bringebær eller anna ølbryggjaren måtte finna på).

Ølet vil bli vurdert bryggeteknisk, for drikkbarheit og for kor vellukka den lokale ingrediensen er integrert.

Brygget må leverast i resepsjonen i Oseana innan 16. juni. Det skal leverast inn 2 flasker (min. 0.33) av brygget. Saman med innlevering av øl må også oppskrifta leggast ved, eller sendast på mail til berit@oseana.no. Berit er kontaktperson i Oseana når det gjeld innlevering av øl.

Andre spørsmål om tevlinga kan rettast til Bjørnafjorden Bryggeri på epost post@bfbryggeri.no

 

DOMMARPANEL:

Representantar frå Bjørnafjorden Bryggeri og Lysefjorden Mikrobryggeri.

 

PREMIE:

Vinnaren får laga ein batch av sitt eige øl hjå Bjørnafjorden Bryggeri, og ølet vil vera å få kjøpt på lokale pubar og elles der Bjørnafjorden Bryggeri kan vera på tap.

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00