nodeimage

Henrik & Emma Noor

Barne- og ungdomskonsert på høgt musikalsk nivå!

Dato

30.september

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 250,- / BT 200,-

Henrik og Emma Noor inviterer til konsert med humor, energi og store songtalent - eit ypperleg familiearrangement! Desse sprelske ungdommane kjenner vi m.a. frå MGPjr og Barne-TV.

Dei byr på vareirte innslag frå friske hits, musikalar og signaturlåtar frå MGPjr. Desse blir bundne saman av små humoristiske dialogar. Artistane opptrer både saman i duett og med soloinnslag.

Henrik og Emma Noor deltok begge i MGPjr 2015 og har holdt ei rekke konsertar over heile landet. Dei blir omtala av tidlegare arrangørar som ungdom med stort scenisk talent og sterk og ekte formidlingsevne. Dei engasjerer publikum og utviser ein profesjonalitet på nivå med vaksne artistar.  
 
Emma Noor (14) frå Bryne begynte songkarriera som 7-åring. Ho har hatt hovedrolla i fleire store musikalar, vunne fleire musikkprisar, produsert og gjeve ut musikkvideo og delteke på MGPjr sommarturne 2016. Ho har det siste året hatt over 100 songoppdrag. 
 
Henrik (15) frå Bærum starta si karriere i barne-TV allereie som 5-åring og har sidan fått mykje sceneerfaring. Han har hatt ei større rolle i musikalen Oliver på Oslo Nye teater, spela ei hovedrolle i den populære serien Jenter på NRK Super, og var ein av artistane under kongeparet sin 25- årsjubileumskonsert. 
 
Det blir moglegheit for ”meet and greet” med signering og fotografering etter konserten.

Konsertprogramet har ein varighet på minimum 60 minutt. Deltagande er også lokale dansarar frå Tag the Floors Dansestudio i Os.

 

Sjå link for ein liten smakebit på kva konserten kan by på: 

https://www.youtube.com/watch?v=-E7vYzkmgvw 

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

KVIFOR IKKJE GJERE DETTE TIL EIN HEILAFTAN LAURDAGSKVELD MED BORNA?

Oseana Kafé og Restaurant lagar denne kvelden til pizzabord i Vargasalen, slik at du kan ta med borna til ein heilaftan på Oseana. Pris for pizza og salat. spis så mykje du vil for kun kr. 85.- pr. person. Drikke kjøpast utanom. Det er bordbestilling til dette, ring 53 69 51 40 for tinging av plass. Velkomen!

Servering

Ta familielaurdagskvelden på Oseana - denne kvelden har restauranten pizzabord i Vargasalen. For bordbestilling, ring 53 69 51 40

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00