Historia bak

Frå kunstsamling til kulturhus

I 2006 tok Per Grieg sr. kontakt med Os kommune v/ordførar Terje Søviknes, og presenterte tankane om å byggja eit kunstmuseum i kommunen. Museet skulle husa Grieg si kunstsamling, og gjera denne tilgjengeleg for folk flest. Sjølve bygget skulle også væra spektakulært, helst liggja ved fjorden, og representera noko nytt i høve tradisjonelle kunstmuseum. Per Grieg sr. og Grieg Foundation ville byggja eit kunstmuseum i verdsklasse på Os!

Initiativet frå Grieg resulterte i ein omfattande prosess i Os kommune. Regionale, nasjonale og internasjonale kulturmiljø vart utfordra, og alle fekk komma med sine kravspesifikasjonar. Ideen om eit kunstmuseum på 1000 kvm til ca 30 mill kroner, vart til eit multifunksjonelt kunst- og kultursenter på 5800 kvm til vell 200 mill kroner. Grieg Arkitekter v/Andreas Grieg og konsulentane Harald Lekven og Geir Kragseth var sentrale aktørar i arbeidet med forprosjektet.

To år seinare, 18.desember 2008, fatta Os kommunestyre samrøystes det historiske vedtaket om å realisera eit kombinert kunst- og kultursenter på Mobergsneset v/Osøyro. Oseana kunst- og kultursenter skulle bli ein realitet.

Allereie 24.april 2009 tok byggjearbeida til på Mobergsneset, og i eit samarbeid med Os Sjøfront AS vart overskotsmassar frå tomten nytta til ny molo i Os Hamn. Stracon AS v/Magnar Eide vart engasjert som prosjektleiar i byggjefasen, og Byggjekomiteen med Terje Søviknes (leiar), Per Grieg sr., Karl Ole Midtbø og Geir Engelsen fekk det overordna ansvaret for byggjeprosjektet.

Basert på delte entreprisar står bygget ferdig etter to års byggetid, og offisiell opning finn stad 17.juni 2011.

Senteret er finansiert i eit offentleg-privat spleiselag mellom Os kommune, Hordaland fylkeskommune, Grieg Foundation, næringsaktørar i Oseanalauget og andre private gjevarar.

Oseana kunst- og kultursenter er unikt i Noreg. For første gong vert det bygd eit kombinert kunst- og kultursenter, midt i det Vestlandske fjord og fjellandskapet. Kunst, kultur, mat, natur og friluftsliv vert samla på ein hittil ukjent måte, og gjennom energieffektivisering, arkitektur og universell utforming representerer Oseana ein ny generasjon kulturhus.

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00