nodeimage

"Hope, skulder, kne og tå"

Christine Hope

Dato

28.oktober

Tidspunkt

18:00

Pris

485,-

“Vestlandets humordronning” er Christine Hope vorte kalt av publikum som har sett dette humorshowet. Latteren har stått i taket i Bergen denne våren fra dei 25 000 som har sett forestillinga.  Avisene har kvittert med terningkast 5 og strålande meldingar.

Christine Hope er denne gong galare, gøyare – og meir bøyeleg enn nokon gong. Ho byr på heilt nye figurar og parodiar, samt gjensyn med hennar mest kjende karakterar. Blant anna får du møte den seksuelt frustrerte ”Moren til Birgitte” og den verbale mitraljøsa – Moren til Karoline Krüger – dama som snakkar raskare enn sin eigen skugge. Vi får og sjå hennar parodi på vår kjende og kjære popkomet Aurora. 

Er du klar for å møta kvinna som har glimt i auget, nase for komikk og smil om munnen? Er du klar for å le så tårene triller? Bli med inn i Christine Hope si vidunderlege og vittige verden. Regien er ved Arvid Ones. 

 

Sjå klipp fra showet: https://youtu.be/WUPOK0Nb9Gw

 

Følg gjerne vårt​ Facebook-arrangement!

Servering

Middag før eller etter showet? Ring Oseana kafé og restaurant på 53 69 51 40 for bordbestilling!

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00