nodeimage

Kino: Pirates of the Caribbean: Salazar's Revenge

I dette fantastiske eventyret møter vi den uheldige Kaptein Jack Sparrow når sterke og ondskapsfulle vindar blåser hans veg.

Dato

11.juni

Tidspunkt

19:00

Pris

Kr 100,-

Johnny Depp er tilbake som den ikoniske antihelten Jack Sparrow!

Ei gruppe avdøde sjømenn, leia av den fryktelege Kaptein Salazar (Javier Bardem), klarar å rømma frå Devil's Triangle og er fast bestemte på å drepa kvar einaste pirat ute på havet - og då særleg Jack Sparrow.  Poseidons legendariske trident er Jack sitt einaste håp om å overleva, men for å finna den må han først smi ein skjør allianse med Carina Smyth (Kaya Scodelario), ein briljant og vakker astronom, og Henry (Brenton Thwaites), ein eigenrådig ung sjåmann frå den kongelege marinen.  Ved roret til the Dying Gull, hans ynkelege vesle og slitte skip, prøver Kaptein Jack ikkje berre å snu sin uheldige situasjon, men også å redda livet sitt frå grepet av den mest formidable og ondskapsfulle fiende han nokon gong har møtt.

 

Sensur: 12 år

Billettar kjøper du i resepsjonen på Oseana.

Unummererte plassar.

 

 

Servering

Kiosk i foajéen

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

PIRATES OF THE CARIBBEAN: Salazar's Revenge - Final Trailer - Official Disney | HD

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00