nodeimage

Min dans med strenger

Frode Alnæs med band

Dato

06.april

Tidspunkt

20:00

Pris

Ord. 395,-

Min dans med strenger

Ei gitarframsyning av og med Frode Alnæs med band.

Ei konsertframsyning om Frode sitt liv med gitaren. Dette blir ei personleg og underhaldande reise, med historier henta frå eige liv. Gitaren og gitaristar vil bli hylla og hersa med i denne framsynigna, og vokalisten er naturlegvis den store fienden!

 

"Min dans med strenger" handlar om gitaren som ven, trøystar, kjelde til glede, reisefølgje og kunstnarleg uttrykksmåte. Frode fortel om eit livslangt venskap med instrumentet som trøysta då han miste håret som ellevåring, og om det å vera annleis heilt til han blei den han er i dag; ein kjent gitarist, artist og kompinist. Frode har mykje på hjartet i "Min dans med strenger". Han ønskjer å fortelja historier som rører oss, saker han brenn for, situasjonar vi kjenner oss att i - og som får oss til å humra eller hyla av latter. Det vli bli mange store musikalske augneblink. 

 

Frode Alnæs er musikalsk ansvarleg og har alle roller: gitarist, songar, historieforteljar, dansar! 

Ivar Tindberg har regi på framsyninga som vert produsert av Frog Music AS.

 

Varer ca. 75 minutt utan pause.

 

SJÅ HER:

Vil DU spele gitar med Frode Alnæs når han kjem til Oseana 6/4? Eller kjenner du nokon du synes skulle fått stå på scena med den folkekjære gitaristen?

Som ein del av ”Min dans med strenger”-turneen ønsker Frode Alnæs å invitere med ein lokal gjestegitarist på kvar stad - ung eller gamal, kjent eller ukjent. Sidan dette er ei forestilling med fokus på gitaren, synes Frode og bandet at det er veldig inspirerande og hyggeleg å bidra til å løfte fram ein lokal gitarist.

Interessert? Ta kontakt med:
Frog Music AS v/ Kristin Dæhlie, mail: kristindaehlie@icloud.com /tlf. 99 52 52 81 eller Kulturservice AS v/ Gunnar Reed, mail: gunnar@kulturservice.no/ tlf. 906 24 850 eller
Øystein Akselberg, mail: oystein@kulturservice.no / tlf. 906 38 453 - så tar vi det videre.

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

Servering

Middag før konserten? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00