nodeimage

Nordvegen - Os

Årets Festspillkonsert i Os!

Dato

28.mai

Tidspunkt

19:00

Bølgjesus frå norrøn tid i nyskapande storverk. 

Skipsleia Nordvegen, opphavet til namnet Noreg, var i 3000 år det som knytta Noreg til verda og verda til Noreg. Ivar Bjørnson og Einar Selvik, kjende frå Enslaved og Wardruna, kjem til Oseana med ein konsert som heidrar norsk kysthistorie, havet og alt det har gjeve det norske folk. Dei tek oss med på ei spektakulær reise langs denne leia, i ei musikalsk kjærleikserklæring til norsk kystkultur og norrøn historie.

I kvar hamn dei besøkjer, trekkjer dei den unike historia til staden fram i ord og tonar, heilt frå steinalderen til i dag. Instrument frå vår eiga tid kombinerast med bukkehorn, lyre, tagelharpe og andre apparat frå vår tidlegaste musikkhistorie, og på både hardt, mjukt og kløktig vis blir vår norrøne tradisjon fletta inn i samtida. Lokale krefter, lokal identitet og ulike musikalske verk gjer kvar framsyning til noko heilt eige. 

 

Eit djupdykk i båtbyggjarkunst og bronsealder på Os

Med tanke på tettleiken av fornminne som strekk seg heilt tilbake til eldre steinalder, samt tettleiken av gravminne som er synlege frå sjøleia, tyder alt på at Os har vore ein viktig og strategisk stad i den gamle Nordvegen. Dette trekkjer Bjørnson og Selvik inn i framsyninga, saman med dei rike Oselvar-tradisjonane og lokal bergkunst frå bronsealderen. 

I konsertserien Nordvegen bygger Bjørnson og Selvik vidare på suksessen Skuggsjá, som dei komponerte til Grunnlovsjubileet i 2014. Oseana er ein av fire konsertstadar, saman med Ullensvang, Bekkjarvik og Moster. Desse fire konsertane utgjer eit akustisk og intimt utgangspunkt for bestillingsverket Hugsjá som blir urframført i Grieghallen under Festspillene onsdag 31. mai. 

 

Framsyninga på Os er delt i to uavhengige delar. 
Kl. 17:00 blir Os si historie presentert gjennom eit foredrag og ei vandring på Solstrand Hotel & Bad. Vandringa går frå Solstrand til Oseana. Dette arrangementet er gratis og ope for alle, og varer om lag ein time. Ved veldig stor pågang vil publikum som har billett til konserten på Oseana kl. 19.00 bli prioritert. Grunna at Solstrand har avgrensa parkeringsmoglegheiter, blir det mogleg å parkere på Oseana og ta skyssbåt frå Os kai til Solstrand kl. 16.30 (kr. 50,-) 

Kl. 19:00 visast Nordvegen - Os i Oseanasalen. Denne konserten krev billett. Konserten spelast på engelsk, norsk og norrønt, og er ikkje teksta. 

Konsertane er eit samarbeid mellom Festspillene i Bergen, Agderforskning, Bekkjarvik Eiendom AS, Bekkjarvik Gjestgiveri, Hotel Ullensvang, Lysverket, Moster Amfi, Oseana Kunst- og Kultursenter og Solstrand Hotel & Bad, og er støtta av RFF Vestlandet.

 

Einar Selvik sang, kraviklyre, diverse historiske instrumenter
Ivar Bjørnson gitarer, effekter, sang
Iver Sandøy trommer, perkusjon, sang
Silje Solberg hardingfele, sang
Håkon Vinje keyboard, sang

Sjå video her: https://youtu.be/Ipi6qRq_8sE

Følg gjerne vårt Facebook - arrangement

 

HOTELLPAKKE? 
Solstrand Hotel & Bad tilbyr hotellpakkar som inkluderer overnatting og billettar. Ta kontakt med Solstrand på 56 57 11 00 for meir informasjon eller bestilling. 

 

Information in English:

A dive deep into the art of boat building and the Bronze Age.

Evidence suggests that Os has been an important and strategic Nordvegen port, with a wealth of artefacts dating from the early Stone Age and burial places visible from the sea. Bjørnson and Selvik make a point of this in their performance, along with the rich boatbuilding traditions of the area and Bronze Age rock art.

The performance is divided into two separate parts. At 17:00 at Solstrand Hotel & Bad the history of Os is presented in a lecture and a walk to Oseana, where the concert itself starts at 19:00.

The lecture and walk at Solstrand Hotel & Bad is free of charge, open to all and lasts approximately one hour. In case of large numbers, those with tickets to the Oseana concert will be given preference. It is possible to park at Oseana and take a boat from Os Quay to Solstrand at 16:30.

Concert package? Solstrand Hotel & Bad offers hotel packages that includes room and tickets. You may contact Solstrand at + 47 56 57 11 00 for further information and booking.

For further information in English: http://www.fib.no/en/Program/?TLp=1206253

 

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00