nodeimage

Norbusang 2017

Nordisk korfestival inntek heile Osbygda!

Dato

24.mai

Tidspunkt

18:00

Frå 24.- 27. mai blir Os fylt med syngjande ungdomar. 600 barn og unge frå heile Norden samlast då til den nordiske barne- og ungdomskorfestivalen Norbusang. Hovudarena for festivalen er naturlegvis Oseana med opningsseremoni 24. mai i Oseanasalen. Utover verkstader for deltakarane blir det òg konsertar i Griegsamlingen, Os kyrkje, Kløvertun og Kykjertunet. 

Her kan du få med deg følgande konsertar:

Onsdag 24. mai: Opningsseremoni med konsert kl. 18.00 i Oseanasalen 
Torsdag 25. mai: Konsert kl. 19.45 i Griegsamlingen
Laurdag 27. mai: Storstilt avslutningskonsert kl. 17.00 i Oseanasalen
 

Alle konsertane er gratis, og opne for alle.

Ung i Kor - Vest er arrangør av Norbusang 2017.

MERK! Berre ståplassar! 

 

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00