nodeimage

Ope kvar dag!

Oseana held fram med å halde ope kvar dag heile veka i 2017!

 

Oseana kunst- og kultursenter har hatt svært gode besøkstal i 2016 og satsar difor vidare med å halde ope kvar dag heile veka! 

  - Vi ynskjer å gje osingane eit endå betre servicetilbod, grunngjev direktør Ole Tobias Lindeberg den nye satsinga med.  

 

Heilt sidan Oseana opna i 2011 har både kafeen og resepsjonen hatt vinterlukking frå 1. september, noko som har betydd at heile huset har vore stengt måndagar og tysdagar.

No er resepsjonen open kvar dag, men restauranten held stengt måndagar og tysdagar fram til påske.

I samband med kulturarrangement som fell på desse dagane, held dei likevel ope.

  - Mange vel å bruke oss før eller etter dei har vore på eit arrangement, og kombinerer dermed kulturopplevinga si med ei matoppleving. Her har vi merka større og større pågang, fortel Mjelstad. 

 

Opningstider i resepsjon/ billettluke og kunstutstillingar:
Måndag - fredag: 11.00 - 16.30
Laurdag - søndag: 12.00 - 18.00

 

 

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00