nodeimage

Os Senioruniversitet

Foredrag med Geir Helljesen

Dato

02.oktober

Tidspunkt

11:00

Pris

100,-

Tema: Mennesker jeg møtte gjennom over førti år i NRK

Geir kåserer om den betydinga politikarar og kulturpersonar har hatt for samfunnet vårt, og korleis han møtte dei gjennom sitt arbeid i NRK.

 

Geir Helljesen er ein av norsk fjernsyn sin aller mest kjende profil, og for evig forbunde med valgsendingane kor han som ekspertkommentator og analytikar har leia det norske folk gjennom mang eit nervepirrande val.

Han var og redaktør for ei bok om val i Noreg, knytt til stortingsvalet i 2009.

Geir har vore tilsett i statskanalen frå 1968 til 2009. I løpet av den perioden arbeidde han blant anna som nyheitsanker, men var mesteparten av tida innan politisk reportasje, med ansvar for norsk og nordisk politikk. Geir Helljesen er utdanna som cand. filol med faga statsvitenskap grunnfag, historie mellomfag og engelsk hovedfag.

I tillegg til politisk reportasje, har han hatt eit stort ansvar for dekninga av Nobels fredspris sidan midt på 1970-talet. Han har laga ei rekke reportasjar og program om norsk kultur, i første rekke med biletkunstnarar.

Det er ikkje berre blant publikum Geir Helljesen er populær. Han vart satt stor pris på som kollega i NRK der han var klubbleiar i Dagsrevyen i fleire periodar, samt medlem av NRK sitt styre, vald av dei tilsette frå 1990 og fram til 2008.

I 2005 blei han kåra til årets journalist, og i 2008 fell han Gullruten si heiderspris. I 2009 blei han utnemd til Ridder 1.klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs orden.

I tida etter NRK har Geir dreve med konferansar, seminar- og debattleiing, samt holdt ei rekke kåserier/foredrag.

 

Semesterkort: Fri inngang

Billettsal i døra kr 100

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00