nodeimage

Os Senioruniversitet

Tema: Naboskap - dugnad og strid i tusen år

Dato

23.oktober

Tidspunkt

11:00

Pris

100,-

Ved: Professor Jørn Øyrehagen Sunde

Jørn Øyrehagen Sunde frå Uskedalen er jurist og rettshistorikar. Han tok den juridiske doktorgraden i 2007 med ei avhandling om dansknorsk rett på 1700-talet, og vart professor ved Universitetet i Bergen same året, 35 år gammal.

Jørn Øyrehagen Sunde har skrive mange publikasjonar og er ein populær foredragshaldar. I 2013 fekk han Meltzerprisen for «sitt uvanlege talent og sin nesten umenneskelege kapasitet til formidling» av rettshistoria. Han har fleire år fått studentane sin pris for beste forelesar ved det juridiske fakultetet i Bergen. Blant dei mange tema han held foredrag om, vil han fortelja oss om Naboskap – dugnad og strid i tusen år. Det blir ei forteljing om våre gode og mindre gode sider – sikkert fortalt med god humor.

 

Semesterkort: Fri inngang

Billettsal i døra kr 100

 

Følg gjerne vårt​ Facebook-arrangement!

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00