nodeimage

Eirik Johan Grøtvedt og Eirik Haug Strømner

Oseana Kammerfest

 

Dato

26.august

Tidspunkt

19:00

Pris

250,-/285,-

Ei stor røyst i følge med briljant klaver.

Eirik Johan Grøtvedt (baryton) og Eirik Haug Strømmer (piano)

 

Program:

Grieg, Brahms, Liszt, Debussy, Williams, Schumann

 

Eirik Johan Grøtvedt, fødd i Sarpsborg i 1993, begynte å syngja hjå Olav Ruud i 2009. Frå 2011 til 2012 var han elev av Mona Julsrud ved det nasjonale talentutviklingsprogrammet ved Norges musikkhøgskole. Han begynte på bachelorutdanning ved Barratt Due musikkinstitutt i 2013, med professor Torgun Birkeland som lærar, og fullførte studiet våren 2017.

Grøtvedt har delteke i kurs og meisterklassar med blant anna Helene Ziebarth, Johannes Weisser og Susanna Eken. Han har vore solist med Østfold symfoniorkester, Det norske blåseensemble og Barratt Dues kammerorkester. Under Oslo operafestival 2016 song han rollen som Carl Berner, i verdspremiera på operaen «Karlstad 1905» av Kjell Habbestad. I februar 2017 song han rollen som Don Ottavio ved Operahøgskolen si oppsetjing av «Don Giovanni» på Den norske opera.

I 2017 vart han tatt inn på det prestisjefylte diplomstudiet ved Norges musikkhøgskole, der han vil ta til i haust.

Eirik Haug Stømner, fødd i Halden i 1993, begynte å spela piano då han var ni år gammal hjå dei lokale pianolærarane Elisabeth Giske og Per Anders Hegre. Frå 2009 til 2012 var han elev ved talentutviklingsprogrammet ved Norges musikkhøgskole, der han også fullførte bachelorutdanninga i 2016. Han er no diplomstudent ved høgskulen, som elev av Einar Henning Smebye og Marianna Shirinyan.

Eirik vann førstepris i Ungdommens musikkmeisterskap i 2011, og har også vunne Einar Steen-Nøklebergs talentpris, Halden Arbeiderblads sang- og musikkpris, og Liszt-prisen under Busoni Piano Festival 2016 i Bolzano, Italia. Han har delteke på meisterklassar med alle de leiande norske pianistane, blant anna Håvard Gimse, Einar Steen-Nøkleberg, Jiří Hlinka, Jens Harald Bratlie og Håkon Austbø.

Stømner har vore solist med Ukrainas nasjonale symfoniorkester, Det norske blåseensemble, Oslo symfoniorkester og Østfold symfoniorkester, og han har gitt konsertar i Sverige, Nederland, Ukraina, Kroatia, England og Italia. Han har medverka ved ei rekkje nasjonale musikkfestivalar, blant anna Mozartfestivalen i Østfold, Kammermusikkfestivalen i Stavanger og Nordlysfestivalen i Tromsø, i tillegg til Hvar International Music Festival (Kroatia) og Oxford Lieder Festival.

Han er også ein erfaren kammermusikar og Lied-akkompagnatør, og har samarbeidd med fleire av Noregs leiande utøvarar, som songarane Trond Halstein Moe og Ann-Helen Moen, fiolinisten Atle Sponberg og dirigentane Bjarte Engeset, Arvid Engegård og Alf Årdal.

 
Billettar
Førehandskjøp: 250,-
Konsertdagen: 285,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Servering

Middag før konserten? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00