nodeimage

Oseana Kunst- & Kultursenter

Oseana Kunst- & Kultursenter er ei unik satsing i Norge – både i innhald og struktur. Meir enn 200 millioner kroner er investert i eit fantastisk bygg som skal gje gode opplevingar innan kunst og kultur for vestlendingar.

I Oseana kunst- og kultursenter skal vi skape ”Ei verd av inspirasjon!”.

Unge og eldre, amatørar og profesjonelle – alle skal få utfalde seg. Det er plass til både opera, teater, rockekonsertar, konferansar og tilbod til lokale lag og organisasjoner.

Bedrifter og engasjerte menneskje i Os og Bergens-regionen har bidratt med ca 100 millioner kroner for at Os skal få eit kulturelt senter med kulturtilbod av høg kvalitet. Os Kommune har bidratt med andre halvparten. Grieg arkitekter har teikna eit vakkert bygg som også har Noregs største solcellepanel og har blitt eit forbildeprosjekt hos ENOVA.

Senteret er ei langsiktig investering i kunst og kultur. Vinsten er eit rikare samfunn med meir tilfredse menneske. Avkastninga på dei investerte kulturkronene kjem i form av begeistring, opplevingar og eit samfunn med god utvikling. Denne ideen vil gje utbytte som generasjonar kan hauste av.

Kvar einaste osing har ein aksje i senteret. Her skal vi la oss inspirera, og vi osingar skal inspirera andre. Skapa dei gode opplevingane, og dela dei med alle våre tilreisande gjester!

På desse nettsidene kan du lese meir om Per Grieg sr si kunstsamling i kunstgalleriet vårt, om dei spennande arrangementa som kjem i tida framover, om den gode maten i restauranten og om andre tilbod i kommunen vår. Sjå også vår facebook-side.

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00