nodeimage

Our Ship of Swing

Soul City

Dato

16.februar

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 225,-/BT 175,-

Soul City Our Ship of Swing har etter kvart blitt eit tradisjonelt etterjuls­vinter­varmande konsert­ og danse­prosjekt på Oseana, saman med Sjøforsvarets musikkorps sitt storband og Os Swingklubb.

I år har vi fått med oss Noregs soul­konge! Songaren Odd René Andersen kjenner dei fleste frå fjernsynsprogram som Beat for Beat, Den store klassefesten og ei rekkje konsertar elles, land og strand rundt. Vi kan lova klassisk soulmusikk av artistar som til dømes James Brown, Marvin Gaye, Ray Charles og Sam Cooke denne kvelden. Men kvelden byr òg på annan musikk ein kan svinga seg til på dansegolvet, eller berre sitja og lytta til og nyta, medan ein nippar til eit glas. Denne konserten vil varma både kropp og sjel medan vinteren er som kaldast, mørkast og vakrast!

Os Swingklubb bidrar nok ein gong til å dra danseføtene i gang, så alle kan dansa. Men om du vil, kan du òg berre lytta!

 

Varer ca. 2 timar

Ord: 225,­ BT/Honnør/Stud/NMF: 175,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement! ­

Servering

Middag før konserten? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00