nodeimage

Songbird - Rita Eriksen synger Eva Cassidy

Rita Eriksen med trio syng Eva Cassidy. 

Dato

08.september

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord: 395,-

Den store stemma står i fokus når Rita Eriksen syng seg inn i Eva Cassidy sitt sjelfulle musikalske univers. I denne konserten får vi endeleg oppleve Rita Eriksen sitt fulle register, slik heile Noreg stemde henne fram som den fyrste vinnaren av NRK sitt populære program Stjernekamp

Med si klokkeklare røyst bergtok Eva Cassidy ei heil verd med sine tolkingar av nyare amerikanske klassikarar frå 1960-, 70- og 80-talet. Rita Eriksen er ei beslekta sjel. Ho vaks opp i same tiår som Cassidy, og har henta inspirasjon i det same musikalske landskapet, frå soul, blues og folkemusikk til pop. 

Bunde saman med parallellar frå sine respektive liv og musikalske førebilete, byr Rita Eriksen i denne konserten på klassikarar som Fields Of Gold, Over The Rainbow, God Bless The Child, What A Wonderful World, Time After Time, Autumn Leaves og sjølvsagt Songbird.

Konserten varer i 1,5 time. 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement for oppdateringar!

 

MIDDAG FØR KONSERTEN? 

Kvifor ikkje kombinere ditt kulturarrangement med ein middag før eller etter forestilling? Ring vår restaurant på 53 69 51 40 for menyar, prisar eller bordbestilling i dag! 

 

Servering

For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00