nodeimage

The Simon & Garfunkel Story

Ein hyllest til Simon & Garfunkel.

Dato

25.november

Tidspunkt

19:30

Pris

445,- / 395,-

Direkte frå suksess i London’s West End, og etter ein utseld turné i Storbritannia og ståande ovasjonar på fleire framsyningar i både Noreg og Europa, kjem The Simon & Garfunkel Story tilbake til Noreg. 
  
‘The Simon & Garfunkel Story’ er ei fascinerande historie om to gutar frå Queens, New York som blir verdas mest suksessrike musikkduo gjennom tidene. Framsyninga tek publikum med på ei reise med alle songane og historiane som forma dei, frå deira spede byrjing som 50-og 60- talsduoen ‘Tom and Jerry’, til det dramatiske brotet, og kulminerer til slutt i ei storslått gjenskapning av den legendariske gjenforeningskonserten  i Central Park, 1981. Denne kvelden får du slagerar som Mrs. Robinson, Scarborough Fair, The Sound Of Silence, Homeward Bound, The Boxer, Bridge Over Troubled Water og mange fleire.  
  
Sam O’Hanlon er Paul Simon og Charles Blyth er Art Garfunkel. The Simon & Garfunkel Story har også med seg talentfulle musikarar/skodespelarar som tek deg med på denne gripande musikalske reisa. Showet er produsert av Dean Elliot, som spelte hovudrolla i ‘Buddy – The Buddy Holly Story’ i London’s West End.  

"Fantastic” – Elaine Paige, BBC Radio 2.  

Den engelske musikkbiografiske konserten ‘The Simon & Garfunkel Story’ har på ingen måte blitt møtt med lyden av tausheit. Forklaringa er så enkel som at dei to hovudfigurane, Gregory Clarke som Paul Simon og Joe Sterling som Art Garfunkel, verkeleg syng godt ” – Tom Sjeklesæther 
 
Simply incredible” – BBC Scotland  
 

Les meir på www.thesimonandgarfunkelstory.com  

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

The Simon and Garfunkel Story - Theatrical Trailer

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00