nodeimage

Utstilling: Bergen Kulturskole

Kulturskulemønstring for visuell kunst i Oseana.

Dato

13.mai

Tidspunkt

13:00

Pris

Gratis inngang

Teikning av Ida Eltvik Grønnerød, 15 år.

 
Oseana opnar igjen Griegsamlingen og Hvelvet til utstilling med born og unge sine visuelle uttrykk og skapande arbeid. Førre gong var i 2015.  

Bergen kulturskole har 250 elevar og eit engasjert og kompetent fagmiljø. Denne gongen har dei invitert alle kulturskular i Hordaland til ei felles kulturskulemønstring for visuell kunst. Utstillinga er ei kraftig markering av moglegheiter og kunstnarisk arbeid innan visuell kunst med born og unge, leia av profesjonelle kunstnarar i Hordaland. Den er også ein del av eit pågåande utviklingsarbeid innan faget, og eit samarbeid med Festspillene i Bergen. 

Enkel servering. Fri inngang. 
Utstillinga står til 28. mai.  

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00