nodeimage

Utst. opning: Bleken & Bjærtnes

Årets sommarutstilling er eit meistermøte mellom to gigantar. 

Dato

10.juni

Tidspunkt

13:00

Pris

Gratis inngang

Gjer klar for eit meistermøte!

Sommarutstillinga 2017 på Oseana byr på eit møte mellom to gigantar i norsk kunstliv, Sverre Bjertnæs (f.1976) og Håkon Bleken (f. 1929).

Den store aldersforskjellen gjer at dette møtet kunne handla om nettopp det - alder, ung vs. gamal. Det gjer det ikkje på nokon måte. Håkon Bleken og Sverre Bjertnæs har i lang tid næra stor respekt for kvarandre sitt arbeid. Sverre var elev hos Bleken i sin ungdom, og dei har ved nokre anledningar også laga kunstverk saman. 

Med ei nær 70 år lang karriere bak seg er Håkon Bleken ein nestor og ein bauta i norsk kunstliv. Han har stilt ut i Nasjonalgalleriet, er kommandør av St. Olavs orden og har stått bak ei rekkje store endringar i norsk kunstsyn. 

Sverre Bjertnæs har vore eit vedunderbarn og var som ung mest kjent som ein av dei mest framgangsrike elevane av Odd Nerdrum. Det store gjennombrotet hans og ferda mot å bli ein av dei viktigaste samtidskunstnarane i Noreg kom likevel ikkje før han braut med den figurative Nerdrum-stilen og utvikla ein særeigen motivkrets. Bleken og Bjertnæs er to svært ettertrakta kunstnarar på kunstmarknaden, og å få begge til å stille opp saman på Oseana er noko vi gler oss stort over å ha fått til. 

Kurator for utstillinga er Marianne Gathe. 

Utstillinga opnar laurdag 10. juni kl.13.00. 

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag -søndag 12.00 - 18.00