nodeimage

Tor-Finn Malum Fitje

Aleph Null & The Missing Mass

Dato

14.oktober

Tidspunkt

13:00

Tidsplan for verka i Tor-Finn Malum Fitje si utstilling / Time schedule for the works in Tor-Finn Malum Fitje's show:

Aleph Null & The Missing Mass, 2017, video, 100 min:

Visningstidspunkt: Kvardagar og laurdagar: 11:05, 12:50, 14:35 Søndagar: 12:15, 14:00, 15:45 / Screening times: Work days and Saturdays: 11:05 am, 12:50 pm, 2:35pm  Sundays: 12:15 pm, 2 pm, 3.45 pm

 

Phonautograph, 2014, video, 45 min.

Visningstidspunkt / Screening times: Kvardagar og laurdagar: 11:15, 13:35 / Workdays and Saturdays: 11:15 am, 1:35 pm   Søndagar: 12:15, 14:35, 16:55 / Sundays: 12.15pm, 2:35 pm, 4:55 pm

 

The Mystery of Bird Navigation, 2016, video, 83 min.

Visningstidspunkt / Screening times: Kvardagar og laurdagar: 12:05, 14:25 / Workdays and Saturdays: 12:05 pm, 2:25 pm  Søndagar: 13:05, 15:25 / Sundays: 1:05 pm, 3:25 pm

 

The Color of Quarks, 2015, text, sound, stereo, 45 min.

Lydverket startar til følgande tider / The sound piece starts at the following hours: Kvardagar og laurdagar: 11:05, 11:55, 12:45, 13:35, 14:25, 15:15 / Workdays and Saturdays: 11:05 am, 11:55 am, 12:45 pm, 1:35 pm, 2:25 pm, 3:15 pm    Søndagar: 12:05, 12:55, 13:45, 14:35, 15:25, 16:15, 17:05 / Sundays: 12:05 pm, 12:55 pm, 1:45 pm, 2:35 pm, 3:25 pm, 4:15 pm, 5:05 pm

 

(Scroll down for English)

 

Samtidskunsten si tematiske spennvidde er stor, og fleire har reflektert over den situasjonen ein nærast berre kan oppleva i dagens kunstfelt, der fagområde ein elles ikkje reknar som beslekta, kan finne eit møtepunkt. På kunstkonferansar og seminar kan eit debattpanel like gjerne setjast saman av økonomar og partikkelfysikarar som av kunstnarar og kunstteoretikarar, eller dei kan alle samtala med kvarandre. Tor-Finn Malum Fitje tar på mange måtar denne situasjonen inn i sine arbeid. Med visuelle, soniske og poetiske verkemiddel og omfattande bruk av materiale funne på internett – vår tids felles reservoar for fakta, løgn og kva som helst mellom desse ideale ytterpunkta – vever han assosiative nettverk som dannar forførande, nærast hypnotiske og særdeles underhaldande fortellingar. 

Dei fire arbeida som blir vist på utstillinga, eit lydverk og tre filmar, er laga over ein tidsperiode på like mange år, og dei deler ei overordna problemstilling om korleis beskrive eller representere noko i form av noko anna. På eit nivå handlar det altså om representasjonen sitt problem, som hos Malum Fitje etter kvart resulterer i eit slags utvida metaforbegrep. Samstundes delar verka ein overordna tematikk som stiller spørsmål ved motsetningane mellom dei såkalla harde og mjuke vitenskapar, ofte romantisert og demonisert som Hjernen og Hjertet. Har dei kanskje meir til felles enn representantar for begge partar er villeg til å anerkjenne?

Tre av arbeida er vist tidlegare, medan filmen Aleph Null & The Missing Mass, som óg har lånt tittel til utstillinga, får sin premiere på Oseana. Utgangspunktet for denne filmen er begrepet mørk materie, og både vitenskap, kunsthistorie, black metal og konspirasjonsteoriar blir her ein del av ei suggererande filmatisk fortelling. 

Tor-Finn Malum Fitje har sin kunstutdannelse frå Kunsthøgskolen i Bergen, Konstfack, Stockholm og Kungliga Konsthögskolan, Stockholm, der han tok sin master i 2016. Før han begynte på kunstutdannelsen studerte han film- og tv-produksjon ved Universitetet i Bergen, og i nokre år var han aktiv i filmrelatert arbeid i Bergen, både som filmskribent for Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF), som programansvarleg for Bergen Filmklubb og kurator for Kino Borealis. Han har både publisert sjølv og blitt omtala i internasjonale vitenskapelige tidsskrift og har stilt ut omfattande i Stockholm, men óg i Helsinki og på Västerås Konstmuseum. Han har delteke ved den franske festivalen Videoformes i Clermont-Ferrand, og filmen ”Phonautograph” blir distribuert av det velrennomerte svenske arkivet for kunstfilm, Filmform. 

Utstillinga står til og med søndag 5. november.

 

Exhibition opening Saturday, October 14th. During the hour before the show opens, the audience is invited to a conversation as an introduction to his works and methods.

1 pm – 2 pm: Artist conversation between Tor-Finn Malum Fitje and curator Evelyn Holm. The conversation will take place in Vargasalen.

2 pm – 4 pm: Exhibition opening in Hvelvet.

The thematic range of contemporary art is wide, and several have given some thoughts to the situation found almost solely in today's art, where professional fields usually not associated with each other can find common ground.  A discussion panel at art conferences and seminars might consist of economists and particle physicists as well as artists and art theorists, or they can together contribute to the conversation. In many ways, Tor-Finn Malum Fitje brings this situation to his works. Through visual, sonic and poetic means and a comprehensive use of material found on the internet - currently our common reservoir of facts, lies and whatever between these ideal extremes - he weaves associative networks that form seductive, almost hypnotic and highly entertaining narratives.

The four works presented in the show, one soundwork, and three films, are created over a time span of as many years, sharing the main question of how to describe or represent something by something else. At one level, accordingly, this displays the problem of representation, which for Malum Fitje has resulted in a kind of expanded concept of metaphor. At the same time, the works share a questioning of the opposition between the so-called hard and soft sciences, often romanticized and demonized as the Brain and the Heart. Maybe they have more in common than the involved parts may want to acknowledge?

Three of the works have been shown before, while the film Alpha Null & The Missing Mass, also lending the title to the exhibition, premieres at Oseana. The point of departure for this work is the concept dark matter, and science, art history, black metal, and conspiracy theories become here a part of an absorbing cinematic story.

Tor-Finn Malum Fitje got his art education from Faculty of Fine Art, Music and Design, Bergen, Konstfack, Stockholm, and Royal Institute of Art, Stockholm, and holds a Master of Fine Art from the latter. Before attending his art education, he studied film and television production at the University of Bergen, and for some years he did film-related work in Bergen, as a writer for Bergen International Film Festival (BIFF), as Program director for Bergen Filmclub and curator for Cinema Borealis. He has published and been mentioned in international scientific magazines and has exhibited several times in Stockholm as well as in Helsinki and at Västerås Art Museum. He has taken part at the festival Videoformes in Clermont-Ferrand, France, and the film Phonautograph is distributed by the recognized Swedish archive for art films, Filmform.

The show lasts until Sunday, November 5th.

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os
post@oseana.no
Telefon resepsjon: 917 50 231

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00