Nokre stengde dagar i mai

Nokre dagar i starten av mai vil heile eller delar av Oseana vere stengt på grunn av lukka arrangement.
Griegsamlinga vil halde stengt i perioden f.o.m onsdag 2. mai t.o.m måndag 7. mai. Samlinga er open igjen til vanlege tider frå tysdag 8. mai.
Heile Oseana, inkludert Færingen Restaurant vil også vere stengt fredag 4. og laurdag 5. mai, men opnar igjen til vanleg opningstid kl. 12 på søndag 7. mai.
Griegsamlinga stengjer også tidlegare enn vanleg laurdag 12. mai, då stengjer den kl. 15.00.
Tysdag 1. mai er både Oseana, Griegsamlinga og Færingen opne, men då med helgeopningstider. Det vil seie at opningstidene er frå 12.00 til 18.00.
Torsdag 17. mai held resepsjonen på Oseana stengt på dagtid, men på kveldstid vert det 17. mai- dans i foajeen, frå kl. 17.00. Dette er eit gratisarrangement.



