Nyttårskonsert

Søndag 29. januar kl. 18.00 inviterer Os Musikkforening til den tradisjonelle nyttårskonserten, denne gongen i Oseana. I år har dei bede Os Spelemannslag om å bli med på feiringa av det nye året, og saman ynskjer dei velkomne til ein variert konsert i Oseanasalen.
Os Spelemannslag kan by på både reinlender, hamborgar, vals og slåttemusikk. dei har også eit samarbeid med Os Folkedanslag som vil vise fram nokre dansar. I tillegg vil ein av dei tidlegare medlemane i laget, Eirin Røykenes, kveda.
Musikkforenina stiller som vanleg med eit variert og spennande program, så alt ligg til rette for ein hyggjeleg kveld på Oseana.
Billettar blir selde i døra ein time før konsertstart.
Prisar:
Vaksne kr. 180,-
Støttemedlem kr. 160,-
Born u/ 12 år kr. 50,-
Skulekorpsmedlemmar gratis.



