Oktoberfest!

Foto: lånt frå www.mentometer.com

Det er berre å setje av datoane 5. - 12. oktober med ein gong. Då blir det Oktoberfest på Oseana!

Det blir ikkje haust utan oktoberfest, og denne hausten blir det slått på stortromma på Oseana, som inviterer til fire arrangement på åtte dagar.

   - Perioden 5. til 12. oktober er berre å merke av med ein gong, for her blir det mykje å få med seg, lovar kulturvert Janne Mari Hjelle, som er stolt over det som står på programmet. - Vi har forsøkt å få til noko for ein kvar smak og for alle aldrar, så vi opnar ballet med ein rusfri ungdomskveld fredag 5. oktober. Her står Anja Elena Viken på scena, som har gjort lynkarriere i musikk- Noreg, og mellom anna har hatt høg rotasjonstid på singelen "Klæsser deg ned" på NRK P3. Det kjem også fleire artistar på scena denne kvelden, men desse nyheitene lyt vente litt på seg. - Føl med og sjå, oppmodar Hjelle.

Kvelden etter er det klart for ein ekte oktoberfest i kjend tysk stil.

 - Laurdag 6. oktober blir det ordentleg Bierstübe i Oseanasalen! Vi skal ha ølhall med langbord og benkar, og sjølvsagt seidlar med øl, seier Hjelle. - Direksjonsmusikken frå NHH står for underhaldninga frå scena, og skape den rette, tyske oktoberfest- stemninga på scena. Stemninga i salen lyt folk vere med å skape sjølve, men det har eg tru på skal gå bra, smiler ho, som lovar ei ekstra oppmerksomheit til tøffingar som gjer litt ekstra ut av kvelden.

 - Alle som kjem i Lederhosen eller tilsvarande utstyr vil nok bli gjort litt ekstra ære på denne kvelden!

Etter ein ekte oktoberfest trengst nok eit par dagars kvile, så ikkje før på tysdag kjem neste band på scena. Då inntek Vidar Johnsen med band ein nyvaska Oseanasal.

- Vidar har jo vore her før som tidlegare vokalist i Vamp, og dei fylde jo salen til randa under opningsveka i fjor. Etter at han forlet Vamp har han hatt stor suksess både som soloartist, og i samspel med den svenske artisten Peter Nordgren. Denne kvelden har han ikkje med seg Peter, men stiller til gjengjeld med fullt band. Vi riggar til med runde bord og satsar på klubbstemning i Oseanasalen.

Veka toppast og avsluttast med at ringrevane i Hellbillies går på scena laurdag 12. september.

 - Hellbillies er nokre av dei beste musikarane og liveartistane her i landet, og har i tillegg ei svært stor og brei fanskare. Eg har høyrt rykter om at Hellbillies spelte for 1 500 personar i eit telt på andre sida av vågen her sist dei var her, noko som eg håpar lovar godt også for billettsalet til konserten her, ler Hjelle, som ikkje legg skjul på kva som er draumen for veka er.

 - Vi ynskjer oss fire fulle hus og knallgod stemning! Med ei slik veke bak seg kan ein ta til på haustmørkret med godt mot og gode minner som både varmar og lyser opp. Billettane er allereie lagt ut, og Hjelle oppmodar folk om å ikkje tenkje seg om for lenge. - Med tanke på kvaliteten på det som kjem bør osingane absolutt vere om seg og sikre seg billettar fyrst som sist, avsluttar ho.

 

Foto: lånt frå www.mentometer.com

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar