Pink Floyd i romjula

Anderson Council Syndicate er eit Pink Floyd- tributeband med til saman 10 musikarar og koristar. 29. desember står dei på scena i Oseanasalen for å gje publikum ei totaloppleving av Pink Floyd sine klassikarar gjennom eit magisk sceneshow.
ACS framfører materiale frå plateutgjevingane The Wall, Dark Side of the Moon, WishYouWereHere og andre kjende Pink Floyd- klassikarar. Bandet er kontinuerleg på jakt etter å framskaffe Floyd- sounden, og nyttar velkjende Pink Floyd- element og -effektar i showa sine.
"Vi gler oss stort til å spele på Oseana. Scena og salen er optimal for eit show i rette Pink Floyd- and", seier medlemmane i ACS.
Heile fire gongar sidan oppstarten i 2008 har dei gjesta Cambrigde, byen som fostra mellom anna Syd Barrett, David Gilmourog og Roger Waters. Den genuine interessa bandet har for Floyd- historia og musikken dei skapte har gjort at bande har fått gode relasjonar til fleire menneske som vaks opp med og var involvert i Pink Floyd- medlemmane seint på 60- talet. Sist gong dei spelte i Bergen, fylte dei Ricks teater til randa.
ACS sin visjon er å formidle Pink Floyd sine meisterverk både til kjennarar og ikkje minst til den yngre generasjonen. Musikken er udødeleg og vil gjerne få fleire tilhengarar takka vere formidlarar som ACS.
Besøk ACS si heimeside.




