Skal du på kino i april?

Karen på biletet over er berre ein av dei du kan møte dersom du kjem på kino på Oseana i løpet av april!

Det er eit rikhaldig og variert kinoprogram Bygdekinoen presenterer for april. Heile tre kinosøndagar blir det plass til i denne månaden, med filmar som passar både for store og for små.

 

Kinomånaden april opnar allreie den 1. Då kan du få med deg filmane "Lorax - skogens vokter" og "The Hunger Games". Lorax er karen du ser på biletet over, ein gretten og pussig liten skapning. Trykk her for å lese meir om Lorax. For dei litt eldre er det actioneventyret "The Hunger Games" som er dagens film. Les meir om denne filmen og sjå trailer her.

Billettane til desse to filmane kjem i sal frå 27. mars.

 

15. april er påskeferien godt overstått, og Bygdekinoen presenterar filmen "Lille speil på veggen der" som dagens barnefilm. Dette er ein ny vri på det klassiske eventyret om Snøhvit, med sjølvaste Julia Roberts i ei av hovudrollene. Filmen har norsk tale, og for å lese meir om denne filmen kan du trykke her.

Varg Veum kjem også tilbake til Oseana denne kvelden, den nyaste filmen heiter "Kalde hjerter", og er regissert av hovudrolleinnehavaren sjølv. Det har også kome til nye kjende norske namn på rollelista, trykk her for å lese meir eller sjå trailer.

Billettane til desse to filmane kjem i sal frå 10. april.

 

Siste kinosøndagen denne månaden går av stabelen 29. april. Barnefilmen denne dagen er "Piratene!", eit herleg actioneventyr om ein litt rufsete pirat- helt med stort skjegg og pågangsmot!  Les meir om Pirat- kapteinen her!

Kinomånaden blir avslutta med "American Pie: Reunion". Her får vi eit gjensyn med gjengen frå Amerikan Pie- filmane som gjekk sin pinlege seiersgong over heile verda rundt milleniumsskiftet. Vennane har no blitt vaksne, og møtast att under eit high- school- gjenforening. Men har dei forandra seg på dei ti åra som har gått? Les meir om filmen og sjå trailer her.

Billettane til desse to filmane kjem i sal frå 24. april.

 

Barnefilmane startar kl. 16.00 og filmane for dei litt eldre kl. 19.00. Billettane kan kun kjøpast i resepsjonen på Oseana, og kjem i sal tysdagen før kvar kinosøndag.

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar