Sommaren 2012 på Oseana

Det blir livat sommaren igjennom på Oseana.
- Vi satsar i år på eit sommarprogram, både i breidde og variasjon, og håpar at vi har noko for ein kvar smak, seier arrangementssjef Berit Steen.
Ho inviterer til programslepp i Griegsamlinga torsdag 10. mai kl. 18.30. Arrangementet er gratis, og det vil bli servert noko godt i glaset.
- Dei som kjem får også sjansen til å få med seg ein flott konsert med Os Kulturskule kl. 19.00, fortel Steen.
Kulturskulen inviterer nemleg til konserten "Til fingerspissane", med dei meir vidarekomne elevane i kulturskulen. Også dette arrangementet er gratis.
Så møt opp og få både nyhender og ein flott konsert på same tid!



