Suite for the Seven Mountains

Osingen Marius Neset har innteke den internasjonale jazzscena med eit brak. Europa sitt leiande jazzmagasin "Jazzwise" har omtala han som ein av dei musikarane det var størst grunn til å følgje i 2011. Og ikkje utan grunn. Osingen, som er busett i København, mottok Statoils Sildajazzpris for 2011 og SpareBank 1s store JazZstipend for 2011, og skal no forbrede ein bestillingskonsert med Trondheim Jazzorkester til neste års Moldejazz.
Marius sitt fyrste soloalbum "Suite for the Seven Mountains" kom i 2009 til strålande kritikkar. Hans andre album "Golden Xplotions" vart anmeldt til terningkast 5 i Dagbladet i vår, og vart beskrive som " ein slags Weather Report møter Frank Zappa møter fanden på flatmark- oppleving", medan Marius vart kalla "ein ung musikar av strålande format". Den engelske storavisa The Guardian gav også albumet fem stjerner, og kalla han eit stort talent.
No kjem han til Oseana med sin eigen kvartett og sitt eige album, klar for å gje osingane ein smakebit av den store jazzverda. Legg turen innom Oseana 27. mai for å få med deg ein av verdas mest lovande jazzsaksofonistar - frå Os!
Treng du overnatting i Os? Kontakt Solstrand Hotell & Bad eller Bjørnefjorden Gjestetun.




