Teknisk informasjon
Foajé - 400 m2.
Med glasvegger i fasadegavlar og med skifergolv. Godt egna for mottakingar, intimkonsertar, førestillingar og liknande. Lyddempande plater i tak og vegger. Takhøgde i fleire nivå, max 12 meter.
Restaurant - 300 m2.
Parkettgolv og lyddempande plater i golv og himling. Med utsyn i glasfasade omlag 180° der ein kan sjå blant anna Bjørnefjorden, Melderskin og Folgefonna.
Kunstmuseum - 600 m2.
Parkettgolv og lyddempande plater i golv og i himling. Utsyn i glasfasade omlag 180° der ein kan sjå blant anna Bjørnefjorden, Melderskin og Folgefonna.
Storsal -19 x 37 meter om lag 700 m2.
Salen er utstyrt med fleksibelt rulleamfi med 490 sitjeplassar i fast amfi, og dessutan plass til 3 rader à 24 stolar plassert på golvet. Amfiet kan og reduserast til færre sitjeplassar enn 490 plassar i ulike kombinasjonar. Amfiet byggjer, utan ekstra stolrader, 22,5 meter. Utan amfi kan alle 700 m2 nyttast på flatt golv. Storsalen har omlag 10 meter høgd til himling. Over scenen er det akustikkelement som kan justerast. Ein kan lasta og lossa direkte inn på bakscene frå lastebil/vogntog eller via port til sidelager ved scene. Inngang til storsal frå foajé. Storsalen har parkettgolv og lyddempande plater i himling og vegger. Golvet er bygd opp for å kunne tilfredstilla krav til profesjonell dans. Lause sceneelement i tre ulike høgder.
Øvingssal - 15 x 15 meter.
Kan delast i to mindre rom med mobilvegg. Dei to romma vil då vera 15 x 6,7 meter og 15 x 8,3 meter. Takhøgda er 3,2 meter og det er montert grid i taket for montering av høgtalarar og lys. Øvingssalen har parkettgolv og lyddempande plater i himling og vegger. Golvet er bygd opp for å kunne tilfredstilla krav til profesjonell dans. Det er speglvegg og det kan monterast dansebar i rommet.
Oseana er og vel utrusta når det kjem til lys- og lydutstyr.
Oseana eit forbildeprosjekt hos ENOVA.
Oseana har det største solcellepanelet i landet på 550 m2 integrert i fasaden. Varmepumper i Bjørnefjorden reduserer energiforbruket med to tredjedeler, frå 1.125.000 kwh til 430.000 kwh pr år





